Matematikk

M+ matematikk

Rundt hundre oppgåvetypar, spel og aktivitetar, frå dei første tala til brøk, prosent, geometri og algebra. Du stiller inn talområde og vanskegrad, lagar PDF og skriv ut.

Laga for barneskulen. Brukt også på ungdomsskulen og i vidaregåande.

M+-ark Skrive tall: tala med piler for skriveretning og prikka tal å skrive over
M+-ark Multiplikasjon 3: oppstilte gongestykke på ruteark

Innhald

Fire typar ark.

Same inndeling som menyen i M+, så du kjenner deg att når du loggar inn.

M+-ark: forenkle algebraiske uttrykk
Vanlege oppgåver

Alle dei fire rekneartane, frå teljing med bilete til oppstilt multiplikasjon med desimaltal. Med nokre få klikk vel du oppgåvetype og talområde, og til kvart ark kan du skrive ut ein fasit.

  • Rekning 1–3
  • Hemmeleg melding
  • Algebra
  • Prosentrekning
Utsnitt av illustrasjonen Hvordan man spår: Velg tall! 8
Aktivitetar

Ark eleven gjer noko med, åleine eller i gruppe. Frå å finne vegen gjennom Bandittlabyrinten til å brette spåa med gongetabellen eller byggje store polyeder av papir.

  • Skrive tal
  • Prikk til prikk
  • Spå med gongetabellen
  • Polyeder
  • Loop
To elevar spelar Erobraren på eit utskrive ark
Spel

Før datamaskinene fanst det mange spel som ikkje kravde meir enn papir, blyant og ein terning. I M+ finn du gamle og nye spel som blir tilpassa nivået til kvar elev.

  • Erobraren
  • Bingo
  • Yatzy
  • Hex
  • Domino
  • Scrabblopol
M+-ark med talliner frå 0 til 500
Leikepengar: tusenlappar med teikna mønster
Ressursar

Kort, talliner, leikepengar og anna konkretiseringsmateriell du tilpassar og skriv ut. Klipp ut, del ut og bruk om att.

  • Talliner
  • Leikepengar
  • Brøkkort
  • 100-brett
  • Ruteark

Emne

Det meste av matematikken i grunnskulen.

Frå dei første tala til brøk, prosent, geometri og algebra.

  • Førmatematiske omgrep

    Omgrepsoppgåver, Kort – Omgrep, Loop – omgrep, Tal på dyr

  • Tal og talforståing

    Skrive tal, 100-brett, Talvenner, Talrekker, Tal på utvida form, Større enn – mindre enn

  • Dei fire rekneartane

    Rekning 1–3, Rekning med fleire ledd, Gongetabellen, Overslag, Avrunding, Tekstoppgåver

  • Brøk, desimaltal og prosent

    Brøkoppgåver, Rangere tal, Prosentrekning, Bingo med brøk, Kasino med brøk

  • Algebra og likningar

    Algebra, Likningar og ulikskapar, Faktorisering, Potensar

  • Geometri

    Geometriske figurar, Volum, Transformasjonar, Bandsymmetri, Polyeder, Tangram, Koordinatsystem

  • Måling, tid og pengar

    Klokkeoppgåver, Einingar – omrekning, Måling og målestokk, Myntoppgåver, Leikepengar

  • Statistikk og sannsyn

    Tilfeldige hendingar, Statistikk med fingeravtrykk, Yatzy, Lotto

Omgrepa før tala.

Før eleven kan rekne, må ord som under, bak, i midten og nest sist sitje. Mange born, til dømes dei som ikkje har gått i norsk barnehage, manglar desse omgrepa.

M+ har oppgåver, kort og loop-aktivitetar som øver dei, med enkle teikningar og få ord.

M+-ark med omgrep: mus som står under, bak og i midten, med bokstavar som manglar
M+-ark Hemmelig melding: reknestykke som blir til bokstavar

Sjølvretting

Eleven ser sjølv om svaret er rett.

Du skriv ei melding til klassen, og M+ gjer kvar bokstav om til eit reknestykke. Når meldinga gir meining, veit elevane at dei har rekna rett.

Mange av arka gir eleven eit teikn når oppgåvene er løyste rett. Det gir ein grunn til å rekne ferdig, og læraren slepp å rette alt.

  • Rangere tal: rett rekkjefølgje gir eit dyrenamn.
  • Lystavle: rette verdiar fargelagde gir eit bilete.
  • Reknenøkkel: eleven sjekkar svara på baksida.
  • Parkort: mønsteret på baksida viser om to kort høyrer saman.
  • Loop: når loopen er fullført, kjem ei melding fram.
Rangere tall, fasit: dyrenamna MAUR, PUMA, HØNA, KVEG, DUER og HUND
Rangere tal
Lystavle, fasit: dei rette lysdiodane fargelagde gule dannar eit bilete
Lystavle

For lærarar

Du vel. M+ lagar arket.

  1. Vel eit arkOppgåver, aktivitetar, spel eller ressursar.
  2. Tilpass innhaldetTalområde, rekneart, vanskegrad og talet på oppgåver.
  3. Lag fleire versjonarSame ark på ulike nivå, til kvar elev eller gruppe.
  4. Skriv utLag PDF med eller utan fasit, og skriv ut.
M+ på skjermen: spelet Erobraren med val for type spel
Det utskrivne Erobraren-brettet med tala 2–12

Tilpassa opplæring

Same tema, rett nivå for kvar elev.

M+ lagar eit nytt ark kvar gong. Du kan gi heile klassen same aktivitet, men med ulik vanskegrad.

Tre nivå av rekning

Rekning 1 har bilete å telje. Rekning 2 har liggjande reknestykke. Rekning 3 har oppstilte stykke på ruteark, også med desimaltal. Tala er skrivne slik elevane lærer å skrive dei.

Rekning 1
Rekning 1
Rekning 2
Rekning 2
Rekning 3
Rekning 3

Same spel, ulike reglar

I Erobraren vel du om elevane skal øve tala 2–12, tiarvenner eller ei rad i gongetabellen. I Bingo kan kvart brett tilpassast eleven som spelar, i same spel.

«Det å kunne gå inn og justere oppgavene så i detalj, med tanke på antall desimaler, om divisjonsstykkene skal gå opp, størrelsen på tallene osv. er helt fantastisk.»
Åsne, lærer, Steinerskolen i Trondheim
Hand som kryssar av på eit bingobrett med reknestykke

Fasit med utrekning

Til kvart ark kan du skrive ut ein fasit. For oppstilte stykke viser fasiten heile utrekninga, så eleven kan sjå kvar det gjekk gale. Ein assistent kan følgje opp utan å rekne alt sjølv.

Oppgåveark: oppstilt multiplikasjon
Fasit til same ark, med heile utrekninga
Fasit

Ungdomsskule og vidaregåande

Rett nivå, utan å verke barnsleg.

M+ har eit nøkternt uttrykk utan barnslege illustrasjonar.

Derfor fungerer arka også for elevar på ungdomsskulen og i vidaregåande som treng å arbeide med grunnleggjande matematikk. Dei får oppgåver på sitt nivå, utan å kjenne seg sette tilbake.

M+-ark Geometriske figurer: finn høgd, breidd, areal og omkrins
M+-ark Prosentregning: kor mykje er 50 % av 6?
«Jeg har brukt M+ i mange år. Liker spesielt godt spillene som Erobreren. Jeg liker også godt muligheten for å generere oppstilte stykker.»
Elin, avdelingsleder, Lura skole

Spørsmål og svar

Om M+ matematikk.

Kva trinn passar M+ matematikk for?

M+ er laga for barneskulen, men blir også brukt på ungdomsskulen og i vidaregåande. Arka har eit aldersnøytralt uttrykk, og innhaldet dekkjer det meste av matematikken i grunnskulen.

Finst det fasit?

Ja. Til kvart ark kan du skrive ut ein fasit, med eller utan lisens. For oppstilte reknestykke, algebra og likningar viser fasiten også utrekninga.

Følgjer M+ eit læreverk?

Nei. M+ er uavhengig av læreverk og fungerer som eit supplement til det skulen brukar frå før.

Kan eg prøve utan lisens?

Ja. Du kan bruke alle sidene og skrive ut. Utan lisens får arka påskrifta «TESTARK (ingen lisens for M+ matematikk)».

Treng eg fargeskrivar?

Nei. Dei fleste arka er i svart-kvitt. Nokre få, som spåa, har fargar, men fungerer også utskrivne i gråtonar.

Er det nye oppgåver kvar gong?

Ja. M+ lagar nye reknestykke kvar gong du ber om det. Du kan lage eit nytt ark til kvar elev, eller eit nytt ark kvar veke.

Lag det første arket no.

Du treng berre ein skrivar. Utan lisens kan du prøve alt, med ei testmerking på arka.