
Matematikk og norsk i klasserommet
Digitalt for læraren. Fysisk for eleven.
Med M+ lagar og tilpassar du aktivitetar på skjermen, og skriv dei ut. Elevane skriv, teiknar, brettar, klipper og spelar med papiret.


Slik fungerer det
Læraren klikkar. Elevane klipper.


- skriv
- teiknar
- brettar
- klipper
- limer
- spelar
Matematikk
Matematikk på mange måtar.
Rundt hundre oppgåvetypar, spel og aktivitetar, frå dei første tala til brøk, prosent, geometri og algebra. Arka har eit nøkternt uttrykk og passar også for eldre elevar.
- Vanlege oppgåver
- Aktivitetar
- Spel
- Ressursar






Produkta
Tre samlingar med same idé.
Lærarane seier
«For oss, som ikke bruker lærebøker, er det gull verdt å kunne lage oppgaver som er akkurat det elevene trenger akkurat nå.»
«Er veldig fornøyd med M+ som gir gode muligheter for tilpasning, og som sparer meg for masse tid til forarbeid.»
«Vi bruker M+ mye, det er lett å lage oppgaver som engasjerer og dekker spesifikke behov.»
«Man savner jo ikke noe før man har mistet det.»
«Da har jeg fått vist frem M+ for kollegiet på skolen, og alle er begeistret.»
Spørsmål og svar
Det lærarar lurer på.
Kva er M+?
M+ er eit digitalt verktøy for læraren, med aktivitetar i matematikk (M+), praktisk læring (+Maker) og norsk (M+ norsk). Du vel og tilpassar aktivitetar, lagar PDF og skriv ut. Elevane arbeider med papiret.
Kva trinn passar M+ for?
M+ er laga for barneskulen, men blir også brukt på ungdomsskulen og i vidaregåande, særleg for elevar som treng å arbeide med grunnleggjande ferdigheiter. Arka har eit aldersnøytralt uttrykk, så dei passar for elevar i alle aldrar.
Korleis brukar læraren M+?
Vel ein aktivitet, tilpass innhaldet til klassen, lag PDF og skriv ut. Sjå Slik fungerer det.
Treng elevane eigen skjerm?
Nei. Elevane arbeider med det utskrivne arket. Det er berre læraren som brukar M+ på skjermen.
Kan eg prøve M+?
Ja. Du kan bruke alle sidene og skrive ut utan lisens. Då får arka påskrifta «TESTARK». Trykk Start M+ og logg inn for å kome i gang.
Finst det fasit?
Ja. Til kvart ark kan du skrive ut ein fasit, med eller utan lisens. For oppstilte reknestykke viser fasiten heile utrekninga.
Kva kostar ein lisens?
Prisen avheng av talet på elevar på skulen. Sjå prisen for skulen din under Prisar.
Kan vi seie opp lisensen?
Ja, når som helst. Lisensen blir fornya automatisk, men har inga oppseiingstid. Seier de opp etter at fakturaen for ein ny periode er send, får de ei kreditnota.
Har skulen min allereie lisens?
Logg inn i M+ med Feide. Har skulen lisens, får du arka utan merking. Viss ikkje, får arka påskrifta «TESTARK».