Personvernerklæring
Sist oppdatert: 4. november 2026
Denne erklæringa forklarer korleis Mpluss IT samlar inn og brukar personopplysningar når du brukar nettsidene våre og M+.
Behandlingsansvarleg
Mpluss IT, org.nr. 912 979 253, Skogveien 2, 1433 Ås.
Kontaktperson: Stig Nissen, tlf. 991 52 893, e-post: kundeservice@mpluss.no
Innlogging med Feide
Når du loggar inn med Feide, lagrar vi ingen personopplysningar. Det einaste vi får frå Feide, er organisasjonsnummeret til skulen eller institusjonen du høyrer til. Det brukar vi for å sjekke kva lisensar skulen har.
Kva opplysningar vi behandlar, og kvifor
Vi behandlar berre opplysningar som er nødvendige for å levere og administrere tenestene våre. Vi behandlar ingen sensitive personopplysningar.
| Opplysningar | Når | Føremål | Grunnlag | Kor lenge |
|---|---|---|---|---|
| Kommune, skule, kontaktperson, e-post, ev. ressursnummer og kommentar | Bestilling av skulelisens | Kundebehandling og fakturering | Nødvendig for å oppfylle avtalen. Bokføringslova | Så lenge kundeforholdet varer. Rekneskapsbilag i 5 år |
| Namn og e-post | Kjøp av personleg lisens (via Stripe) | Levere lisensen og sende kvittering | Nødvendig for å oppfylle avtalen. Bokføringslova | Så lenge lisensen gjeld. Rekneskapsbilag i 5 år |
| E-postadresse | Innlogging utan Feide | Sende tilgangskode | Nødvendig for å levere tenesta | Så lenge du brukar tenesta, eller til du ber om sletting |
| E-postadresse | Påmelding til nyheitsbrev | Sende nyheitsbrev | Samtykket ditt. Du kan melde deg av når som helst | Til du melder deg av |
| Namn, e-post, emne og melding | Kontaktskjema eller e-post til oss | Svare på førespurnaden | Den berettiga interessa vår i å svare deg | Så lenge det er relevant for førespurnaden eller kundeforholdet |
| Teknisk informasjon om nettlesaren | Feilmelding frå M+ | Rette feil | Den berettiga interessa vår i å rette feil | Til feilen er retta |
Bruksstatistikk og informasjonskapslar
I M+ registrerer vi anonym statistikk over kva innhald som blir brukt, for å kunne gjere tenesta betre. Statistikken kan ikkje knytast til einskildpersonar. Vi brukar ikkje informasjonskapslar (cookies) til sporing eller marknadsføring.
Kontaktskjemaet og bestillingsskjemaet er verna mot misbruk med Google reCAPTCHA. Når du brukar skjemaa, blir teknisk informasjon om nettlesaren og eininga di send til Google, og Google kan setje ein informasjonskapsel for dette føremålet. Grunnlaget er den berettiga interessa vår i å verne skjemaa mot spam.
Kven vi deler opplysningar med
Vi sel ingen personopplysningar. Opplysningar blir berre delte med leverandørar som behandlar dei på vegner av oss:
- Stripe Payments Europe Ltd. (Irland) handterer kortbetaling. Vi får eller lagrar ikkje kortopplysningar. Les meir i personvernsenteret til Stripe.
- Google leverer e-posttenesta vår (Google Workspace) og skjemavernet (reCAPTCHA). Google kan behandle opplysningar utanfor EØS. Overføringa skjer på grunnlag av EU–US Data Privacy Framework og standardavtalane til EU.
Tryggleik
Personopplysningar og betalingsinformasjon blir sende krypterte. Vi gjennomfører tekniske og organisatoriske tiltak for å verne opplysningane mot tap, endring og uautorisert tilgang, og vi held systema våre oppdaterte. Ved innlogging med Feide er det Feide som tek vare på tryggleiken.
Ved innlogging utan Feide får du tilsend ein kort tilgangskode på e-post. Koden er avleidd av e-postadressa og ein utløpsdato. Han er altså ikkje eit passord du vel sjølv, og han kan ikkje brukast andre stader.
Rettane dine
Du har rett til innsyn i, retting av og sletting av opplysningane vi har om deg. Du kan også krevje avgrensa behandling, protestere mot behandlinga, få utlevert opplysningane dine og trekkje tilbake eit samtykke. Kontakt oss på kundeservice@mpluss.no. Meiner du at vi behandlar opplysningar i strid med regelverket, kan du klage til Datatilsynet.
Endringar
Vi oppdaterer erklæringa ved behov. Gjeldande versjon finst alltid på denne sida.