Vilkår for kjøp

Lisens og fornying

Lisensen gjeld i eitt år frå bestillingsdatoen og blir fornya automatisk. Det er inga oppseiingstid: du kan seie opp når fakturaen kjem.

Pris

Prisen avheng av kommune, skule og talet på elevar.

Bestiller kommunen for alle skulane, blir det 30–50 % rimelegare enn om kvar skule bestiller sjølv.

Angrerett

14 dagars angrerett. Treng de meir tid til å vurdere, kan de be om utvida angrefrist når de bestiller.

Personleg lisens

Privatlisens for einskildpersonar blir betalt med kort og blir ikkje fornya automatisk.

Seljar

Mpluss IT, org.nr. 912 979 253, Skogveien 2, 1433 Ås. Kontaktperson: Stig Nissen, tlf. 991 52 893, e-post: kundeservice@mpluss.no.

Slik brukar du angreretten

Gi beskjed til kundeservice@mpluss.no innan fristen. Skriv kva lisens det gjeld og kven som bestilte. Har du betalt, får du pengane tilbake innan 14 dagar etter at vi har fått beskjeden. Er lisensen fakturert, sender vi ei kreditnota.

Reklamasjon

Fungerer ikkje tenesta slik ho er skildra, kan du kontakte kundeservice@mpluss.no. Vi rettar feilen eller finn ei anna løysing så raskt vi kan.

Tvistar

Vi prøver å løyse usemje i minnelegheit. Privatkundar kan også klage til Forbrukartilsynet. Avtalen er underlagd norsk rett.

Har du spørsmål? Kontakt oss.